- Ikkje friskare av å vere heime

12.10.2015
NAV tar grep for å hjelpe fleire sjukmelde tilbake til arbeidslivet skriv fylkesdirektør i NAV Anne Kverneland Bogsnes i ein kronikk.
anne bogsnes panorama
Fylkesdirektør i NAV Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes
Dei aller fleste ønskjer å arbeide, men i enkelte tilfelle finst det situasjonar som gjer arbeid vanskeleg. Sjukdom er mellom desse. På landsbasis gjekk over 100.000 årsverk tapt på grunn av sjukefråvær i fjor. Ein vesentleg del av dei sjukemelde er heimehøyrande i Hordaland. Her i fylket har vi også sett tendensar til ein raskare vekst i sjukefråværet enn i resten av landet.
Samstundes er arbeid i dei fleste tilfelle helsefremjande. Deltaking i arbeidslivet kan vere ei kjelde til sosiale relasjonar, identitet, personleg vekst og meistring. Høg arbeidsdeltaking i samfunnet har også stor nytteverd i form av auka verdiskaping og færre stønadsmottakarar.

For oss i Nav er ei av oppgåvene våre å bidra til at flest mogeleg skal få delta i arbeidslivet. I Hordaland har vi difor bestemt oss for å ha eit ekstra tydeleg fokus på oppfølging av sjukmelde. Gjennom tettare oppfølging, auka fokus på praktisering av gjeldande regelverk og forsking på sjukefråvær håper vi å bidra til at fleire sjukmelde finn vegen tilbake til arbeidslivet.
Ein av seks nordmenn i yrkesaktiv alder står utanfor arbeidslivet på grunn av sjukdom. Det er ein stor kostnad for samfunnet. Men den høgste prisen betalar den sjukmelde sjølv. Manglande sosialt nettverk og sviktande tru på seg sjølv heng ofte saman med manglande deltaking i arbeidslivet.

Når vi også veit at sjukefråvær på grunn av psykiske lidingar er det som aukar mest her i Hordaland, er det ein ekstra grunn til å ta grep. Det å ha ein jobb kan vere viktig for å meistre psykiske helseproblem. Ein blir ikkje nødvendigvis friskare av å vere heime, og i mange tilfelle vil nettopp lediggang føre til ein forverra situasjon.
Sjukdom rammar dei fleste av oss frå tid til annan. Det er likevel ikkje dei som er sjukmeldt i kortare periodar som er den største utfordringa. Det er når sjukefråværet ser ut til å kunne bli langvarig at det kan vere behov for meir oppfølging.

Folk må få hjelp til å sjå på kva mogelegheiter dei har, før det går for lang tid. Statistikkane til Nav viser at dess lengre ein er borte frå arbeidslivet i eit sjukefråvær, dess vanskelegare er det å kome tilbake i jobb. Langvarige sjukefråvær ender ofte i andre stønader, og til slutt i uføretrygd. Dersom vi kan leggje til rette for å hjelpe fleire på eit tidlegare tidspunkt, håpar vi å bidra til at færre blir stengt ute frå arbeidslivet på permanent basis.

For å leggje betre til rette for hjelp er det naudsynt med ei tydlegare satsing mot arbeidsgivarar, arbeidstakarar og legar. Det gjer vi noko med.
Allereie før ein blir sjukmeldt skal lege/sjukmeldar vurdere om det medisinsk sett er mogeleg å vere heilt eller delvis i arbeid. Arbeidsgivar har plikt til å leggje til rette arbeidet så langt det er mogeleg, og har plikt til å bidra med løysingar som hindrar unødig sjukefråvær. Fleksible og løysingsdyktige arbeidsgivarar er alfa og omega for å lukkast. Nav kan bidra til løysingar med rettleiing og ulike verkemiddel.

Regelverket stiller krav om at den sjukmelde skal prøve seg i arbeid innan åtte veker dersom det ikkje er heilt uråd grunna sjukdom. Her kan Nav berre gjere unntak dersom ein av medisinske årsaker ikkje kan jobbe, eller arbeidsplassen er av ein slik art at det ikkje er mogeleg å leggje til rette for den det gjeld.

Er kravet til aktivitet ikkje oppfylt, sender Nav varsel om mellombels stans av sjukepengar, og den det gjeld vert oppmoda om å kontakte arbeidsgivar for å vurdere mogelegheitene for arbeid. Her har vi ikkje vore gode nok. I haust vil vi derfor auke fokuset på dette.

I haust går vi også i gang med eit forskingsprosjekt i samarbeid med Uni Research Helse. Bakgrunnen er at regjeringa meiner at ingen skal kunne sjukmeldast i meir enn seks månadar av eigen fastlege utan ei ny medisinsk vurdering av anna lege.

Som eit forsøk har vi nyleg tilsett ni legar i deltidsstillingar. Desse skal gje dei som har vore sjukmelde i meir enn seks månader mogelegheit til å få ein ny vurdering av helsetilstanden, av ein annan lege enn fastlegen. Dette kan bidra til at ein ser situasjonen til den sjukmelde i nytt lys, og at ein gjennom tilrettelegging og oppfølging kan sjå mogelegheiter ein ikkje har vore merksam på tidlegare.

Kanskje kan ei ny vurdering gjere at den sjukmelde kjem raskare tilbake til arbeidslivet, heilt eller delvis? Uni Helse Research si forsking vil vere eit viktig verktøy for å måle oppfølginga av sjukmelde, slik at vi kan få handfaste svar på kva tiltak som gir best effekt. Dette er nyskapande, og vi er stolte over å få lov til å vere med å bidra til å finne løysingar som kan gje folk betre hjelp.
 
Kronikken var publisert i Bergens Tidende 27. september
Til nyhetsarkivet

IA-kurs
for IA-virksomheter

Siste nyheter
[bilde]IA-podcast: Gravid og sykefravær
12.12.2018
[bilde]NAV Årstad inviterer bedrifter til julefrokost
21.11.2018
[bilde]Dette forventer arbeidsgiverne av NAV
19.11.2018
logo nav
Kommende IA-kurs

IA-Podcast

IA-Webinar på nett

IA-jordmora

Meld deg på vårt nyhetsbrev

IA-kurs
for IA-virksomheter

Siste nyheter
[bilde]IA-podcast: Gravid og sykefravær
12.12.2018
[bilde]NAV Årstad inviterer bedrifter til julefrokost
21.11.2018
[bilde]Dette forventer arbeidsgiverne av NAV
19.11.2018
logo nav
Kommende IA-kurs

IA-Podcast

IA-jordmora

IA-Webinar på nett

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Til toppen