Rekordlågt sjukefråvær i Hordaland

12.09.2018
Det har ikkje vore målt så lågt sjukefråvær i Hordaland sidan NAV starta med denne typen målingar for 10 år sidan.
tommy johansen
Fungerande fylkesdirektør i Hordaland, Tommy Johansen, er svært nøgd med at sjukefråværet syner nedgong.
Per 2. kvartal i 2018 var det legemeldte sjukefråværet i Hordaland på 5 prosent. Dette er ein nedgang på 6 prosent i høve til i fjor.

Fungerande fylkesdirektør i NAV Hordaland, Tommy Johansen håper dette er starten på eit skifte.

– Hordaland ligg vanlegvis over landssnittet når det gjeld sjukefråvær. No er vi endeleg på snittet. Det er svært gledeleg å sjå at nedgangen slår til i fire av fem kommunar, og i alle aldersgrupper. Dei neste målingane vil vise om dette er eit langsiktig skifte, seier Johansen.

Sjukefråvær eit heitt tema
Fylkesdirektøren trur den offentlege debatten om sjukefråvær kan ha hatt ein positiv effekt.

– Sjukeløn og sjukefråvær er eit heitt tema, og har vore debattert mye den seinaste tida. Frå NAV sitt ståsted har det vore viktig å fokusere på konsekvensane av å vere borte frå jobb. Vi trur at debatten har ført til at den enkelte arbeidstakarar har blitt meir merksam på farane ved å vere sjukmeldt, og at arbeidsgivarane er blitt flinkare til å følgje opp dei sjukmeldte, seier Johansen.

Ned i alle aldersgrupper
Sjukefråværet går ned i alle aldersgrupper, og aller mest ned blant dei mellom 30-49 år.

Sjukefråværet aukar berre innan omsetning og drift av fast eigendom (+ 1,6), medan sjukefråværet går mest ned innan jordbruk, skogbruk og fiske (-16,6) og private tenester (- 13,2).
Høgst sjukefråvær finn vi i kommunane Radøy (6,9%), Vaksdal (6,5 %) og Sund (6,4 %). Lågast er sjukefråværet i Etne, Ullensvang (begge 3,9 %), Odda og Ulvik ( begge 4,2 %). 

Muskel- og skjelettplagar er årsaka til flest sjukmeldingar i Hordaland.

Om lag 24 prosent av sjukmeldingane i fylket var graderte dette kvartalet. Hordaland, Rogaland og Oslo har lågast del graderte sjukefråværstilfelle i landet.
Det totale sesongjusterte sjukefråværet i landet er no på 6,2 prosent. Det viser nye sesong- og influensajusterte tal. Det er ein nedgang i det eigenmeldte sjukefråværet på 4,5 prosent, og i det legemeldte på 1,6 prosent. Samla er det ein nedgang på 2,0 prosent.
 
Til nyhetsarkivet

IA-kurs
for IA-virksomheter

Siste nyheter
[bilde]IA-podcast: Gravid og sykefravær
12.12.2018
[bilde]NAV Årstad inviterer bedrifter til julefrokost
21.11.2018
[bilde]Dette forventer arbeidsgiverne av NAV
19.11.2018
logo nav
Kommende IA-kurs

IA-Podcast

IA-Webinar på nett

IA-jordmora

Meld deg på vårt nyhetsbrev

IA-kurs
for IA-virksomheter

Siste nyheter
[bilde]IA-podcast: Gravid og sykefravær
12.12.2018
[bilde]NAV Årstad inviterer bedrifter til julefrokost
21.11.2018
[bilde]Dette forventer arbeidsgiverne av NAV
19.11.2018
logo nav
Kommende IA-kurs

IA-Podcast

IA-jordmora

IA-Webinar på nett

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Til toppen