Sjukefråværet i Hordaland ligg stabilt

15.03.2018
Det legemelde sjukefråværet i Hordaland for 4. kvartal 2017 var 5,6 prosent, det same som tilsvarande periode året føre. Granvin har framleis det lågaste fråværet i fylket.
syk mann ill
Medan arbeidsløysa i Hordaland har stige dei to seinaste åra, har sjukefråværet vore svært stabilt i same periode. Samanlikna med 3. kvartal 2017 har det totale sjukefråværet i Hordaland auka med marginale 0,2 prosentpoeng, syner sesong- og influensajusterte tal.

– Endringane er små og tala er stabile. Hordaland følgjer landssnittet. Vi ser ein trend der sjukefråværet vårt samla går litt ned dei siste ti åra, som er positivt, seier fungerande fylkesdirektør i NAV Hordaland, Tommy Johansen.

Sjukefråværet er høgast i Nordhordland og kommunane rundt Bergen, dei såkalla pendlarkommunane.

Kvinner mest sjuke
Bransjane med lågast sjukefråvær 4. kvartal var informasjon og kommunikasjon (2,9 %), fagleg/vitskapleg/teknisk tenesteyting (3,4 %) og finanstenester (4,0 %).

– Det er stor stabilitet i dei ulike næringane i Hordaland, men dei ligg på ulike nivå. Helse og omsorg (8,1 %) ligg høgare enn alle andre, medan tenesteyting og primærnæringane ligg lågt, seier Johansen.

Det er stabil differanse mellom kvinner og menn i sjukefråvær i Hordaland:

I 4. kvartal låg det legemelde sjukefråværet blant kvinner på 7,2 prosent og menn 4,1 prosent, som begge er heilt på landssnittet.
Blant dei yngste frå 16 til 19 år er det gledelig nedgang, ein trend som har halde fram sidan januar 2015.

Muskel- og skjelettplager, saman med psykiske lidingar, er dei største utfordringane.

Geografiske forskjellar
Høgast sjukefråvær finn vi i kommunane Radøy (7,5 %), Modalen (7,3 %), Fjell og Sund (6,8 %).
Lågast ligg Granvin (4,3 %), som går mest prosentvis ned, Ullensvang (4,5 %) og Odda (4,9 %).
Granvin hadde same låge tal og i 3. kvartal.

Sjukefråværet i Noreg er stabilt
 
Til nyhetsarkivet

IA-kurs
for IA-virksomheter

Siste nyheter
[bilde]IA-podcast: Gravid og sykefravær
12.12.2018
[bilde]NAV Årstad inviterer bedrifter til julefrokost
21.11.2018
[bilde]Dette forventer arbeidsgiverne av NAV
19.11.2018
logo nav
Kommende IA-kurs

IA-Podcast

IA-Webinar på nett

IA-jordmora

Meld deg på vårt nyhetsbrev

IA-kurs
for IA-virksomheter

Siste nyheter
[bilde]IA-podcast: Gravid og sykefravær
12.12.2018
[bilde]NAV Årstad inviterer bedrifter til julefrokost
21.11.2018
[bilde]Dette forventer arbeidsgiverne av NAV
19.11.2018
logo nav
Kommende IA-kurs

IA-Podcast

IA-jordmora

IA-Webinar på nett

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Til toppen