Øygarden kommune tek grep i sjukefråværsarbeidet

01.05.2017
Øygarden kommune har over år slite med høgt sjukefråvær. Ikkje så ulikt mange andre kommunar i Hordaland. Nå tek kommunen grep.
m%c3%b8gster %c3%98ygarden
Øygarden kommune ønskjer auka nærvær: Prosjektleiar Helene Cecilie Møgster skal finne grepa for å få ned sjukefråværet. (Foto: Jarle Berge)
Øygarden kommune har prøvd mange ulike nøklar for å få ned sjukefråværet, men aldri funne den rette som gjev gode og varige resultat. Det siste grepet kommunen har gjort er å tilsetja ein prosjektleiar, Helene Cecilie Møgster,  som skal arbeida i eit 2-årig prosjekt med mål om å finne dei rette grepa for å få ned sjukefråværet.
 
Partssamansett arbeid
 Tidleg i april var det idémyldring i den partssamansette styringsgruppa for prosjektet. Ideane «hagla» over Helene frå både tillitsvalte, verneombod, arbeidsgjevarrepresentantar og frå NAV Øygarden samt NAV Arbeidslivssenter. Dei fleste ville fått prestasjonsangst av alle forventningane, men Helene tok det heile med eit smil og med stoisk ro. I alle fall tilsynelatande. Ho veit at det ikkje finst ein lettvint trylleformel for å få ned sjukefråværet, men at redusert sjukefråvær kjem av hardt og systematisk arbeid over tid.
 
- Det kan utløysa den store «lottogevinsten» i sjukefråværsarbeidet, i form av betre arbeidsmiljø, betre kommunale tenester og betre økonomi, seier Helene Cecilie Møgster.
 
Erfaren prosjektleiar
Møgster har tidlegare hatt ei tilsvarande stilling i Sund kommune, og ho kjenner difor feltet godt. Til stillinga i Øygarden kjem ho frå ei stilling i Sjømannskirken, der ho mellom anna jobba med ungdomar. Ho ser fram til å arbeida meir innaskjers etter tre hektiske år i internasjonalt farvatn! Møgster er utdanna lærar, og pedagogiske evner kjem godt med i sjukefråværsarbeidet.
 
Stikkord frå styringsgruppa var at Møgster skulle arbeid på systemnivå, vera god leiarstøtte, men ikkje overta leiarrolla og å vera med på eit dialogmøte ved behov. Tett samarbeid med NAV og god kjennskap til verkemiddel, var òg ein del av forventningane.    
 
Byggje på relasjonar
For Møgster er relasjonar mellom kollegaer i eit arbeidsfellesskap viktig. Relasjonar som byggjer på gjensidig tillit er eit godt utgangspunkt for sjukefråværsarbeidet, meiner Møgster.
 
Ho er òg oppteken av å byggja på gode erfaringar som finst i einingar i kommunen. Heldigvis er det mange einingar som har gode erfaringar i sjukefråværsarbeidet, og det meiner ho ikkje er tilfeldig. Ofte er slike einingar ikkje klar over kor gode dei eigentleg er. Møgster vil gjerne trekkja fram desse einingane i rampelyset, og byggje på deira erfaringar for læring. For Møgster vert det difor ei viktig oppgåve å verte godt kjend med dei ulike einingane i kommunen.  
 
- Me treng ikkje gå «over bekken etter vatn», når gode døme finst i nabobygget, avsluttar Møgster.  
 
Av Jarle Berge       
 
 
Til nyhetsarkivet

IA-kurs
for IA-virksomheter

Siste nyheter
[bilde]Arbeidsgivere får hjelp til inkludering
19.09.2018
[bilde]IA-kurs: Problematisk bruk av rus og spill i arbeidslivet
18.09.2018
[bilde]Rekordlågt sjukefråvær i Hordaland
12.09.2018
logo nav
Kommende IA-kurs
27.09.2018
Gode grep for å skape en helsefremmende arbeidsplass (3 timer)
Les mer
18.10.2018
Problematisk bruk av rus og spill i arbeidslivet (3 timer)
Les mer
19.10.2018
Metode for utvikling og involvering (3 timer)
Les mer
31.10.2018
Psykiske helseproblemer - konsekvenser på jobb (3 timer) (Stord)
Les mer

IA-Podcast

IA-Webinar på nett

IA-jordmoren

Meld deg på vårt nyhetsbrev

IA-kurs
for IA-virksomheter

Siste nyheter
[bilde]Arbeidsgivere får hjelp til inkludering
19.09.2018
[bilde]IA-kurs: Problematisk bruk av rus og spill i arbeidslivet
18.09.2018
[bilde]Rekordlågt sjukefråvær i Hordaland
12.09.2018
logo nav
Kommende IA-kurs
27.09.2018
Gode grep for å skape en helsefremmende arbeidsplass (3 timer)
Les mer
18.10.2018
Problematisk bruk av rus og spill i arbeidslivet (3 timer)
Les mer
19.10.2018
Metode for utvikling og involvering (3 timer)
Les mer
31.10.2018
Psykiske helseproblemer - konsekvenser på jobb (3 timer) (Stord)
Les mer

IA-Podcast

IA-jordmoren

IA-Webinar på nett

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Til toppen