Inspirerande kurs på Stord om fleirkulturelle arbeidsplassar

04.05.2018
Mange frammøte da NAV Stord og NAV Arbeidslivssenter Hordaland arrangerte kurs for verksemdene i Sunnhordland om fleirkulturelle arbeidsplassar.
GryHanneFleirkulturell26%2004%2018
Engasjerte føredragshaldare. Hanne Schreiber Braathen og Gry-Borghild Johansen frå NAV Arbeidslivssenter Hordaland.
Noreg vert stadig eit meir fleirkulturelt samfunn, og arbeidslivet er ein viktig møtestad for menneske frå ulike kulturar. Det er ved å vera ein del av eit arbeidsmiljø at ein lærer mest om norsk arbeidsliv. I tillegg er det ein viktig arena for å tileigne seg meir norskkunnskap.
 
Det var bakteppe da 27 leiarar, tillitsvalde og verneombod frå 14 ulike verksemder deltok på kurset i regi av NAV. Målet var at ein saman skulle finne fram og dele dei gode grepa for å utnytta potensialet som ligg i å ha eit mangfald på arbeidsplassen.
 
Arbeidsretta oppfølging i flyktningtenesta
Før sjølve kurset starta, presenterte rettleiarar ved NAV Stord si flyktningtenesta seg sjølv og sitt tilbod. Marte Wirum og Heidi Johannessen fortalte om dei individuelle løpa introduksjonsprogrammet har for arbeidsretta oppfølging. Introduksjonsprogrammet er eit 2-årig program med fokus på integrering i det norske samfunnet, norskopplæring, samfunnskunnskap, utdanning og arbeid.

Dei langsiktige måla er at deltakarane skal kome i løna arbeid, bli sjølvstendige økonomisk og likeverdige samfunnsborgarar. Under presentasjonen vart det særleg fokusert på flyktningar som er arbeidssøkjande og klar for arbeid med tilrettelagte løp, og ikkje gruppa som skal ta meir utdanning. Verksemder som ikkje allereie har samarbeid med NAV, fekk kontaktinformasjon til rettleiarane og vart oppmoda om å ta kontakt.
 
Gode grep om kulturelt mangfald
Vidare losa Hanne Schreiber Braathen og Gry-Borghild Johansen frå NAV Arbeidslivssenter Hordaland oss gjennom kurset der det blei tid til teori, forsking, døme frå verksemder, refleksjon og gruppearbeid kring fleirkulturelle arbeidsplassar. Det blei gode diskusjonar rundt gruppeborda knytt til utfordringar deltakarane har frå å vere i eit fleirkulturelt miljø. Like viktig var erfaringsdelinga rundt korleis ein kan få mangfaldet til å bli ein styrke for verksemda. Dette blei ein dag då me saman hadde fokus på verdien av eit fleirkulturelt arbeidsliv.

NAV Arbeidslivssenter arrangerer eit nytt kurs om fleirkulturelle arbeidsplasser til hausten i Bergen. Tid og stad vert klar om kort tid.
 
Til nyheitsarkivet

Meld deg på eit gratis IA-Webinar

Siste nyheiter
sim ill 2Kurs i arbeid og psykisk helse
15.10.2019
planlegge 2Gratis frokostmøte om ledelse
14.10.2019
logo inkluderingsdugnad 2Velkommen til gratis seminar
08.10.2019
logo_nav
Kurs og aktivitetar
21.10.2019
Seminar: Sammen får vi flere i arbeid (Bergen)
Les mer
20.11.2019
Litt for mye, litt for ofte...? (Bergen)
Les mer
04.12.2019
Snakk om det - samtalen om psykisk helse (Bergen)
Les mer

IA-Webinar på nett

Sjekk sjukefråværet

Meld deg på nyheitsbrevet

Meld deg på eit gratis IA-Webinar

Siste nyheiter
sim ill 2Kurs i arbeid og psykisk helse
15.10.2019
planlegge 2Gratis frokostmøte om ledelse
14.10.2019
logo inkluderingsdugnad 2Velkommen til gratis seminar
08.10.2019
logo_nav
Kurs og aktivitetar
21.10.2019
Seminar: Sammen får vi flere i arbeid (Bergen)
Les mer
20.11.2019
Litt for mye, litt for ofte...? (Bergen)
Les mer
04.12.2019
Snakk om det - samtalen om psykisk helse (Bergen)
Les mer

Sjekk sjukefråværet

IA-Webinar på nett

Meld deg på nyheitsbrevet