Sjukefråværet held fram med å synke

11.12.2018
Per 3. kvartal i 2018 var det legemeldte sjukefråværet i Hordaland på 5,4 prosent. Dette er ein nedgang på 1 prosent i høve til i fjor.
Tommy%20Johansen
Fungerande fylkesdirektør i Hordaland, Tommy Johansen, noterar seg at det eri kommunane med høy arbeidsløyse at sjukefråværet òg er høgst.
Førre kvartal kunne NAV Hordaland melde om at det ikkje hadde vore målt så lågt sjukefråvær i Hordaland sidan NAV starta med denne typen målingar for 10 år sidan. Den positive tendensen held seg, sjølv om den er svakare no enn i førre kvartal.
 
Lågt utdanningsnivå skapar utfordringar
Fungerande fylkesdirektør i NAV Hordaland, Tommy Johansen noterar seg at det er i kommunane med høg arbeidsløyse at sjukefråværet òg er høgst. Høgst sjukefråvær finn vi i kommunane Sund (7,4 %), Øygarden (7,1%) og Vaksdal (6,8 %). Lågast er sjukefråværet i Ullensvang (4,0 %) og Voss (4,5 %).
 
– Det er dei kommunane med generelle levekårsutfordringar som ser ut til å verte hardast ramma. Det er interessant å sjå på dette i ein større samanheng. Det handlar gjerne om at dei som bur i kommunar som scorar dårleg på levekårsundersøkingar, ofte har lågt utdanningsnivå.  Når dei blir ramma av nedgang i arbeidsmarknaden, hjelp det ikkje om dei er mobile dersom det ikkje finst jobbar for dei utan utdanning andre stadar, seier Johansen.
 
Fylkesdirektøren understreker kor viktig det er å fullføre minst vidaregåande utdanning for å unngå arbeidsløyse, sjukefråvær, uføretrygd og utanforskap.
 
– Å ikkje fullføre ein form for utdanning kan få permanente konsekvensar. Det er vanskeleg å bryte mønsteret når fleire og fleire jobbar krev formell kompetanse,  seier Johansen.
 
Høgst sjukefråvær blant unge
Sjukefråværet aukar bare i aldersgruppa 16-29 år, medan det går aller mest ned blant dei mellom 50-59 år. Sjukefråværet er høgst innan helse- og sosialtenestar (7,6 %), medan det er lågast innan informasjon og kommunikasjon (3,2 %).
 
Muskel- og skjelettplagar er årsaka til flest sjukmeldingar i Hordaland.
 
Om lag 19,6 prosent av sjukmeldingane i fylket var graderte dette kvartalet. Hordaland, Rogaland og Oslo har lågast del graderte sjukefråværstilfelle i landet.
 
Det totale sesongjusterte sjukefråværet i landet er no på 6,2 prosent. Det viser nye sesong- og influensajusterte tal.  Det var ein auke i det eigenmeldte sjukefråværet på 2,1 prosent, medan det legemeldte heldt seg stabilt. Samla var det ein nedgang på 0,3 prosent.
 
 
Til nyheitsarkivet

Meld deg på eit gratis IA-Webinar

Siste nyheiter
colourbox23901276 (1)Ny møteplass for arbeidsgivere og arbeidssøkere
14.05.2019
mann med pc illWebinar 29. mai: Livsfaseorientert personalpolitikk
10.05.2019
korttidsfrav%c3%a6r test%5b1%5dKorleis få ned korttidssjukefråværet?
08.05.2019
logo_nav
Kurs og aktivitetar
23.05.2019
Roller og ansvar i eit inkluderande arbeidsliv (Webinar)
Les mer
23.05.2019
Dialogmøte (Webinar)
Les mer
29.05.2019
Oppfølgingsplan (Webinar)
Les mer
29.05.2019
Livsfaseorientert personalpolitikk (Webinar)
Les mer

IA-Webinar på nett

Meld deg på nyheitsbrevet

Meld deg på eit gratis IA-Webinar

Siste nyheiter
colourbox23901276 (1)Ny møteplass for arbeidsgivere og arbeidssøkere
14.05.2019
mann med pc illWebinar 29. mai: Livsfaseorientert personalpolitikk
10.05.2019
korttidsfrav%c3%a6r test%5b1%5dKorleis få ned korttidssjukefråværet?
08.05.2019
logo_nav
Kurs og aktivitetar
23.05.2019
Roller og ansvar i eit inkluderande arbeidsliv (Webinar)
Les mer
23.05.2019
Dialogmøte (Webinar)
Les mer
29.05.2019
Oppfølgingsplan (Webinar)
Les mer
29.05.2019
Livsfaseorientert personalpolitikk (Webinar)
Les mer

IA-Webinar på nett

Meld deg på nyheitsbrevet

Til toppen