Sjukefråværet i Hordaland under landssnittet

16.12.2017
Per 3. kvartal i 2017 var det legemelde sjukefråværet i Hordaland på 5,4 prosent. Dette er ein nedgang på 0,2 prosent i høve til i fjor.
Medan arbeidsløysa i Hordaland dei to seinaste åra har stige, har sjukefråværet vore svært stabilt i same periode. Assisterande fylkesdirektør i NAV Hordaland, Tommy Johansen merker seg at hans fylke stort sett følgjer landssnittet.

– Endringane er marginale og tala er stabile. Sjukefråværet er høgast i Nordhordland og i øykommunane i vest. Muskel- og skjelett, samen med psykiske lidingar, er den største utfordringa. Vi er uroa over auken i ungdom som vert uføre som følgje av psykisk sjukdom, seier Johansen.

Muskel- og skjelettplagar
Bransjane med lågast sjukefråvær var informasjon og kommunikasjon (3,1 %), jordbruk/skog/fiske (3,3%), fagleg/vitskapleg/teknisk tenesteyting (3,6 %) og elektrisitet, vann og renovasjon (3,9 %).

– Det er stor stabilitet i dei ulike næringane i Hordaland, men dei ligg på ulike nivå. Helse og omsorg (7,7 %) ligg høgare enn alle andre, medan tenesteyting og primærnæringane ligg lågt. Innan helsesektoren, som har høg kvinnedel og sysselsetjing, bruker NAV og Bergen kommune mykje tid og krefter for å få ned sjukefråværet, seier Johansen.

Det er stabil differanse mellom kvinner og menn i sjukefråvær i Hordaland. I tredje kvartal hadde menn nedgang på 5 % medan kvinner gjekk ned med 2 %. Blant dei yngste frå 16 til 19 år er det òg gledelige tal.

Muskel- og skjelettplagar og psykiske lidingar er årsaka til flest sjukmeldingar i Hordaland. Hordaland ligg på nesten same snitt som Rogaland og Oslo i graderte sjukefråværstilfelle.

Geografiske forskjellar
Sjukefråværet aukar mest innan næringane jordbruk, skogbruk og fiske (+13 %) og elektrisitet, vann og renovasjon (+12 %). Innan vitskapleg og teknisk tenesteyting (-10 %), finans og forsikring (-9 %) og offentleg administrasjon og forsvar (-9 %) går sjukefråværet prosentvis mest ned.

Høgst sjukefråvær finn vi i kommunane Modalen (8,5 %), Radøy (7,8 %) og Fjell (6,8 %). Lågast er sjukefråværet i Granvin (3,8 %) som går mest prosentvis ned, og Austevoll (4,5 %) og Jondal (4,6 %).
Det totale sjukefråværet i landet er no på 6,5 prosent og er uendra samanlikna med andre kvartal, viser nye sesong- og influensajusterte tal. Det var ein nedgang i det eigenmelde sjukefråværet på 3,9 prosent, medan det legemelde fråværet i Noreg steig med 0,3 prosent.

Av Eivind A. Pettersen.
 
 
Til nyheitsarkivet

Meld deg på eit gratis IA-Webinar

Siste nyheiter
colourbox23901276 (1)Ny møteplass for arbeidsgivere og arbeidssøkere
14.05.2019
mann med pc illWebinar 29. mai: Livsfaseorientert personalpolitikk
10.05.2019
korttidsfrav%c3%a6r test%5b1%5dKorleis få ned korttidssjukefråværet?
08.05.2019
logo_nav
Kurs og aktivitetar
23.05.2019
Roller og ansvar i eit inkluderande arbeidsliv (Webinar)
Les mer
23.05.2019
Dialogmøte (Webinar)
Les mer
29.05.2019
Oppfølgingsplan (Webinar)
Les mer
29.05.2019
Livsfaseorientert personalpolitikk (Webinar)
Les mer

IA-Webinar på nett

Meld deg på nyheitsbrevet

Meld deg på eit gratis IA-Webinar

Siste nyheiter
colourbox23901276 (1)Ny møteplass for arbeidsgivere og arbeidssøkere
14.05.2019
mann med pc illWebinar 29. mai: Livsfaseorientert personalpolitikk
10.05.2019
korttidsfrav%c3%a6r test%5b1%5dKorleis få ned korttidssjukefråværet?
08.05.2019
logo_nav
Kurs og aktivitetar
23.05.2019
Roller og ansvar i eit inkluderande arbeidsliv (Webinar)
Les mer
23.05.2019
Dialogmøte (Webinar)
Les mer
29.05.2019
Oppfølgingsplan (Webinar)
Les mer
29.05.2019
Livsfaseorientert personalpolitikk (Webinar)
Les mer

IA-Webinar på nett

Meld deg på nyheitsbrevet

Til toppen