Sjukefråværet uvanleg stabilt i Hordaland

08.06.2017
Per 1. kvartal i 2017 var det legemeldte sjukefråværet i Hordaland på 5,8 prosent. Dette er ein auke på 2,2 prosent i høve til i fjor.
Anne%20Bogsnes%20panorama
Fylkesdirektør i NAV Hordaland Anne Kverneland Bogsnes seier det er uvanleg at sjukefråværet er stabilt når det er mykje uvisse i marknaden.
Om lag 791.000 dagsverk gjekk bort i sjukefråvær i Hordaland dette kvartalet.

Trass i at det har vore ein auke i arbeidsløysa i Hordaland dei to seinaste åra, har sjukefråværet vore svært stabilt i same periode. Fylkesdirektør i NAV Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes meiner det er noko overraskande.

– Sjukefråværet brukar anten å auke eller gå ned når det er uro i arbeidsmarknaden. Vår erfaring er at det er uvanleg at det held seg såpass stabilt i ei periode der det har vore mykje uvisse i marknaden, seier Bogsnes.

– Ser vi nærare på utviklinga, ser vi at det er relativt stabile sjukefråværstal òg innan dei næringane som er knytt til oljeverksemd, legg Bogsnes til.

Framleis få graderte tilfelle
Sjukefråværet går mest ned i aldersgruppa 16-19 år  (-13 %), medan det aukar mest for aldersgruppa 40-49 år (+6 %).

Det er framleis fleire kvinner enn menn som er sjukmelde, og i høve til i fjor har sjukefråværet auka både blant kvinner (+2,3 %) og menn (+2,0 %).

Muskel- og skjelettplagar og psykiske lidingar er årsaka til flest sjukmeldingar i Hordaland.
Om lag 21 prosent av sjukmeldingane i fylket var graderte dette kvartalet. Hordaland, Rogaland og Oslo har lågast del graderte sjukefråværstilfelle i landet.

Store geografiske forskjellar
Sjukefråværet aukar mest innan næringane elektrisitet, vatn og renovasjon (+35 %) og andre private tenester (+15 %). Innan fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting (-16 %) og finans og forsikring (-14 %) går sjukefråværet mest ned.

Høgst sjukefråvær finn vi i kommunane Modalen (9,1 %), Jondal (7,8 %) og Radøy (7,6 %). Lågast er sjukefråværet i Austevoll (4,3 %) og Fusa (4,7 %).

Det totale sesongjusterte sjukefråværet i landet er no på 6,4 prosent. Det viser nye sesong- og influensajusterte tal.  Det var ein nedgang  i det eigenmeldte sjukefråværet på 5,9 prosent, og ein oppgang i det legemeldte på 0,6 prosent. Samla var det ein nedgang på 0,4 prosent.
 
 
Til nyheitsarkivet

Meld deg på eit gratis IA-Webinar

Siste nyheiter
colourbox23901276 (1)Ny møteplass for arbeidsgivere og arbeidssøkere
14.05.2019
mann med pc illWebinar 29. mai: Livsfaseorientert personalpolitikk
10.05.2019
korttidsfrav%c3%a6r test%5b1%5dKorleis få ned korttidssjukefråværet?
08.05.2019
logo_nav
Kurs og aktivitetar
23.05.2019
Roller og ansvar i eit inkluderande arbeidsliv (Webinar)
Les mer
23.05.2019
Dialogmøte (Webinar)
Les mer
29.05.2019
Oppfølgingsplan (Webinar)
Les mer
29.05.2019
Livsfaseorientert personalpolitikk (Webinar)
Les mer

IA-Webinar på nett

Meld deg på nyheitsbrevet

Meld deg på eit gratis IA-Webinar

Siste nyheiter
colourbox23901276 (1)Ny møteplass for arbeidsgivere og arbeidssøkere
14.05.2019
mann med pc illWebinar 29. mai: Livsfaseorientert personalpolitikk
10.05.2019
korttidsfrav%c3%a6r test%5b1%5dKorleis få ned korttidssjukefråværet?
08.05.2019
logo_nav
Kurs og aktivitetar
23.05.2019
Roller og ansvar i eit inkluderande arbeidsliv (Webinar)
Les mer
23.05.2019
Dialogmøte (Webinar)
Les mer
29.05.2019
Oppfølgingsplan (Webinar)
Les mer
29.05.2019
Livsfaseorientert personalpolitikk (Webinar)
Les mer

IA-Webinar på nett

Meld deg på nyheitsbrevet

Til toppen